Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Kvassheims-risen

I ei steinrøys vestanfyr Kvassheim skal ein rise vera nedgreven. Han gjorde mange storverk den tid han livde, vert det fortalt. Ein gong hadde han henta uppi ein full sekk med stein – smaasteinar og store steinar – og bar han ned til sjøen, vilde leggja ein veg yver til England. Han vadde eit godt stykke ut i sjøen; men fyrr han visste ordet av, so gjekk det hol paa sekken, og kvar steinen valt ut. Paa den staden vart det ein holme som er til enno; han heiter Raunen.

Ein annan gong stod han uppe paa Synesvarden eit par miler upp ifraa sjøen og saag eit skip som siglde utanfyre. Daa tok han ein stein og vilde kasta paa skipet; men han rokk ikkje so langt. Steinen vart liggjande eit stykke ovanfyr strandkanten i Kvalbeinsmarki. Der ligg han enno og er so stor som noko hus.

So var det ein gong det hadde kome ein stein i skoen hans. Daa fór han or skoen og grov ut steinen og tok og kasta han. Han er enno aa sjaa, og er so stor at um dei sprengde han sund, so vilde det vera mange maralass.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.