Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Kvinge Musikklag, Kvingo

Kvinge_Musikklag-Kvingo
Fotograf ukjent. (Bildet er tatt i 1955)
Første rekke fra venstre: L. Kvinge, H. Solbakken, A. Kvinge, O. Kvinge, A. G. Kvinge, A. Hjortland, dirigent Rasmus Nygard.
Annen rekke fra venstre: K. Kvingedal, K. M. Kvinge, form. Trygve Kvingedal, S. Kvinge, O. T. Ronnhovd, R. Kvinge, B. Kvingedal.

Kvinge Musikklag, Kvingo vart skipa 23. juli 1917 av Martin G. Hope som også var laget sin første formann og dirigent. Det vart, ved starten av laget, tilslutta 16 medlemer. I styret ellers var Mikal M. Kvinge og Bertin A. Kvinge.

Fyrste øvingsstad var på «Holmen» hjå dirigenten, men seinare vart Nordre Kvinge trevarefabrikk vanleg øvingsstad.

Laget sine dirigentar har vore desse: Martin G. Hope, Kaspar A. Kvinge, Anfinn Konow, Trygve Kvingedal og lærar Rasmus Nygård.

Laget har til sine tider vore i god framgang, men bygda er lita, so mykje av ungdomen reiser ut. Det har soleis vore vanskar med å halda på medlemene, so laget har av denne grunn til tider ikkje vore i verksemd.

Instrumenta er no laget si eiga. Ein del av dei gamle instrumenta er enno i bruk, men laget har sidan 1945 kjøpt 6 nye instrument.

Laget har ikkje hatt uniformer, men i 1952 vart det kjøpt musikkluvor med laget sitt merkje.

Laget sitt noverande styre er: Trygve Kvingedal, form., Leif Kvinge og Harald Solbakken. Laget tel no 15 medlemer og noverande øvingsstad er framleis N. Kvinge trevarefabrikk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *