Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Kvinner med i fisket

Det hende ikkje sjeldan at kvinnfolk var med på sjøen, for eksempel på
seinot om våren. Dei fekk som regel same lott som ein mann. Ei kone i
Fjordgården som no (1960) er over 90 år, hadde mange gonger vore på
seinot i sine unge dagar, sa ho.

Ei kone på Rødsand fortalde:

«Vi var berre jenter og måtte ro i lag med han far. Ho Hanna, søster
mi, låg til rors ute i fiskeværet Holmen saman med han far frå slutten
av april og utover. Eg og eit par andre kvinnfolk rodde utover til
Holmen etter løyping.   
(Petrine Jakobsen)

Ein mann frå Fjordgården fortel at han som unggut var på seinot og at
høvedsmannen «hadde fosterdotter si med som tredje mann på båten. Ho
sat i midten (bakrommet). Vi låg helst ute med Askebåen. Eg kan ikkje
hugse anna enn at ho fekk same lott som vi andre.»

«Kvinnfolka her i fjorden var ofte med på sommarroren. Mor mi tjente
hos ein mann i Fjordgården og var med han på seinot om sommaren. Ho
fekk ikkje dagsror eller annan tillegg i lønna. Han tok heile
lotten.»   
(Hilberg Hansen)

Han Kristian Hansa på Lavollen hadde to av døtrene sine med når han
rodde. Dei var med han heilt ut til Asenden, nedst på Svendsgrunnen.
Dei fortel også om ho Else i Halvardsøya at ho alltid var med mannen på
havet, og at ho kjente alle fiskemedene like godt som han.
(Håkon Andreassen og Oline Hansen)

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *