Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Kvitebjørn kong Valamon

(Saltdal)

Kvitebjørn Illustrasjon
Det var ein gong ein mann som var så fattig; han hadde tre døtrer.

Så ein kveld kom det ein kvitebjørn og stelte seg framfor studøra til mannen. Bjørnen var komen ditett for å be om yngste dottera, det hadde han til ærend.

«Eg skal gjera deg så rik som du no er fattig om du vil gje meg henne,» sa bjørnen til mannen.

Men mannen var ikkje noko mota på å gje frå seg dottera, aller minst den yngste, for henne hadde han jussom mest kjær. Men så lenge stod han der og talde på, bjørnen, til mannen gav han sitt jaminne. Det vart no slik avtala mellom dei, bjørnen skulle koma og henta dottera fyrste torsdagskvelden. Jaha, bjørnen kom til fastsett tid. Men Mannen gjorde uskjel og skikka frå seg den eldste av døtrene. Bjørnen fekk henne på ryggen, og så bar det i veg.

Då dei hadde reist langt og lenge, stussa bjørnen på og spurde: «Har du sete mjukare, og har du sett klårare?»

«I mors fang sat eg mjukare, og i min fars gard såg eg klårare,» sa vekja.

«Ja, då er du ikkje den rette,» sa bjørnen. Og så jaga han henne heim.

Næste torsdagskvelden var kvitebjørnen tilbake hos mannen og talde på å få den yngste. No skikka mannen frå seg den næst eldste. Bjørnen fekk henne på ryggen, og sa bar det i veg med dei. Då dei hadde fare langt og lenge, spurde bjørnen: «Har du sete mjukare, og har du sett klårare?»

«I mors fang sat eg mjukare, og i min fars gard såg eg klårare,» sa vekja.

«Då er du ikkje den rette,» sa bjørnen. Dermed skikka han henne heim.

Så næste torsdagskvelden var kvitebjørnen atter hos mannen; han kravde no på å få den rette, og denne gongen let mannen han få yngstedottera. Kvitebjørnen let henne setja seg på ryggen hans, og i veg bar det.

Dei fór no så langt, og om ei tid spurde bjørnen: «Har du sete mjukare, og har du sett klårare?»

«Nei, aldri har eg sete mjukare, og aldri har eg sett klårare,» sa ho.

«Ja, då er du den rette,» sa bjørnen. Dei heldt no ferda fram, til dei var i ein stor skog; der kom dei åt ei hytte, og frammed døra stussa han på, bjørnen. I denne hytta skulle vekja ha sitt tilhald, sa bjørnen. Men så gjævt fekk ho det ikkje. Her vart ho no gangande åleine dagen så lang han var. Bjørnen strauk i skogen kvar morgon i otta. Men då det vart kvelden, kom det ein mann ditett, og han var der om natta. På dette viset hadde vekja det ei lang tid.

Då eit år var omme, fekk ho eit barn, ei lita vekje. Mora vart no så glad i dette barnet, og ho var så kjær om det på alle vis. Men ein morgon tok kvitebjørnen barnet av henne og bar det åt skogen.

Det gjekk no eit år til som ho var der i hytta. Då fekk ho eit barn til, ei vekje denne gongen òg. Men sameleis gjekk det. Kvitebjørnen tok barnet av mora og bar det i skogen.

Så var ho der enno eit år, det var det tredje. Og då det var omme, fekk ho ei dotter til. Men vel barnet var tilkome, var kvitebjørnen og tok det av henne. Annleis gjekk det ikkje med denne tredje dottera heller. Mora vart no så sturen og stillferdig; ho fekk umot med alt og vart gangande og driva berre. Då var det kvitebjørnen spurde henne kva det var ho blei for annast ho gjekk på dette viset.

«Å, eg fekk mot å sjå heim,» sa ho.

Det skulle ho få, sa bjørnen. Han sa seg til å føra henne, og ho skulle få gje seg av heime ei kort tid. Men han kom sjølv og henta henne når ho skulle tilbake til hytta, sa han. Innan det no bar i veg med dei, gav kvitebjørnen henne ei påminning: «Det far din bed deg om, må du retta deg etter; men om mor di bed deg om noko, må du ikkje gjera det.» Ja, det lova vekja, og så tok dei ut.

Heime vart ho vel fagna av alle, og vekja var ikkje mindre glad no ho fekk sjå att folket sitt.

Det lei då til den tid ho skulle fara, og siste dagen ho var heime, bad mora henne med seg uti eit kammers.

«Eg vil no ha å vita kor du har havt all den tida du har vore hos kvitebjørnen,» sa mora. Vekja fortalde, ho dulde ikkje noko. Men dentid mora fekk høyra om mannen som hadde havt sin gang i hytta, sa ho: «Huff, det kan like snart vera eit troll du har havt hos deg; dette må du få greie på. «Så bad ho vekja ta eit talglys med seg i senga, og når han hadde sovna han som brukte liggja der, skulle ho tenna i lyset så ho kunne få forstand på om det var troll enn det var menneske han ho hadde hos seg.

Så kom kvitebjørnen; vekja laut skiljast med folket sitt, og bjørnen vandra med henne til hytta i skogen. Om kvelden kom mannen ditett og la seg med henne. Fyrst vekja merka han sov, gjorde ho som ho var tilsagd av mora; ho tende i lyset og heldt det over mannen. Då fekk ho til si undring sjå at det var .ein ung, pen glunt som var liggjande der. Ho vart no så iherdig til å skøa han, så ho ansa ikkje på ho kom til å halda lyset skakt, og før ho vardest det, fall tre talgdropar nedpå skjorte: brystet hans. Just i det same vakna glunten.

Prinsen i senga

«Kvifor gjorde du det mor di bad deg?» var det fyrste han sa. «No har du ført oss båe uti ulykke.» Og så fortalde han at han var ein kongsson som det var trolla over, så han laut vera i bjørnehann. «Og no må eg bort frå deg,» sa han; «eg lyt og gifta meg med eit troll som er buande austanfor sol og vestanfor måne.»

Om morgonen då vekja vakna, var ho liggjande på ein kvit flekk i skogen. Og kleda hennar låg i eit knyte attmed henne. Det fyrste som rann henne i tanken, var den vakre prinsen. Ho fekk no så mot å sjå han att, og ho undrast på kvar han munde vanka. Så tok ho til å gang på må og få innetter skogen; ho visste ikkje kor ho skulle leggja vegen. Men då ho hadde vandra slik ei tid, kom ho til ei hytte. Her stussa ho på. Kan henda nokon her veit kvar kvitebjørnen er å finna, tenkte ho. Inni hytta var det ei gammal kjerring og ein liten vekjunge, som fór og spela seg med eit gullnysta.

«Har de sett noko kvitebjørn kong Valamon fare framom her?» spurde vekja.

«Han strauk innetter skogen grytidleg i, dag,» sa kjerringa. «Men kvar han meir tok vegen, det veit ikkje eg.»

Vekja stelte seg til att å fara; men just i det same ho var med døra, kom vekjungen drivande og gav henne gullnysta. Dette skulle ho få, sa vekjungen. Ja, vekja gjekk no langt og lenge. Ho stunda så mykje etter å sjå att kvitebjørnen. Langt inne i skogen kom ho åt ei hytte. Undrast på om nokon her veit kvar kvitebjørnen har lagt vegen, tenkte ho. Gjekk så inn; der råka ho frami ei gammal kjerring og så ein liten vekjunge, som sat på golvet og spela seg med ei gullsaks.

Jente med saks

«Har de sett noko kvitebjørn kong Valamon fare framom her?» spurde vekja.

«Han vandra gjennom skogen her i dag tidleg,» svara kjerringa. «Men kvar han tok vegen, det veit ikkje eg,» sa ho.

Vekja vart like slug, ho, så ho skunda berre på å koma seg ut. Men just då ho var med døra, kom vekjungen drivande og gav henne gullsaksa; denne skulle ho få. Så tok ho på vandring att. Ho reiste både langt og lenge. Og kvitebjørnen låg henne i tanken heile tida, så hardt stunda ho etter å sjå han att. Best ho gjekk, kom ho åt ei hytte. Må tru nokon her veit kvar eg skal ta vegen, undrast ho. Ho gjekk inn, og kom åt ei kjerring og ein liten vekjunge. Denne vekjungen gav på og spela seg med eit hespetre av gull.

«Har de sett noko kvitebjørn kong Valamon fare framom her?» spurde vekja.

«Han strauk gjennom skogen her i dag,» sa kjerringa. «Men kva får han fór i og kor han meir tok vegen, det veit ikkje eg,» sa ho.

Med det same vekja skulle ut døra, kom vekjungen drivande med hespetreet og gav henne. Ja, vekja heldt ferda fram innetter skogen. Men då ho hadde reist ei tid, kom ho åt eit stort flog. Det var så høgt og bratt det var ikkje til å koma oppfor. Likevel gav vekja seg til grøvvel oppetter. Men fyrst ho var komen nokre steg opp, rausa ho ned att, og slik møddest ho ei lang økt, til ho sluttpå laut gje tapt. Ho gav seg no til å vandra langs med floget, ville sjå om det ikkje var til å koma opp på eit anna stelle. Alt med ho fór slik og spora, råka ho frami ein smed. Så tala ho om for smeden kva ærend ho var ute i. «Og no treng eg koma opp for dette floget. Har du nokor råd med det?» Smeden var og kveste til eit par hakar til å festa under føtene; og dentid vekja fekk desse på, gjekk det greitt å koma opp floget. Det fyrste ho sette frami då ho var oppe, var ei heil skrei med troll. Noko lenger innpå var det ei slette; og der vart ho vis eit stort slott; der hadde trolla sitt tilhald. Det var slik ein stas med dette slottet så det lyste og blanka av det på lang veg, både vegger og tak var av reint gull. Og vekja vart no så undrasam ho vart standande reint sterr og skøa. Alt medan flokka trolla seg kring henne og tok til å spørja vekja ut kor ho hadde kome seg opp floget.

«Har de sett noko kvitebjørn kong Valamon?» spurde ho.

«Ja, han er no just komen hitett,» sa trolla. «Han ligg inni borga og kviler ut etter turen. Og i morgon skal han stand brudgom,» sa dei.

Så spurde vekja etter kvar ho var å firma den han skulle gifta seg med. Trolla peka mot slottet og greidde ut for vekja kvar trollkvinnfolket hadde romet sitt. Vekja gjekk så til slottet og bad om å få tala med henne som skulle vera brur. Men så langt kom ho ikkje; ho vart bortvist. Så gjekk ho uti hagen og sette seg i graset, tok så fram gullnysta og vart sitjande slik og trilla det i hendene. Dette hadde ho vorte vis, trollkvinnfolket. Ho kom no ut i hagen og gav seg til å be om å få nysta.

«Ja, får eg koma inn dit kvitebjørn kong Valamon kviler, så skal du få det,» sa vekja.

Dette gjekk den andre med på. Og ei tid deretter, det lei då til, kvelds, så vart vekja vist inn. Der låg prinsen oppi ei seng og sov. Han var no ikkje lenger i bjørneham. Vekja sette seg på sengkanten, skulle vekk’ åt han; ho både tala åt han og rista i han. Men trollet hadde gjeve prinsen sovedrikk, så det lykkast ikkje for vekja å få han vaken. Så laut ho då gje tapt, og natta frametter vart ho sitjande på sengkanten og gråta. Dentid det vart morgonen, kom trollet og jaga vekja or romet. Ho visste ikkje noko å ta seg til, og så gjekk ho åt hagen att og sette seg av på same romet ho hadde sete dagen før. Med ho no sat der og vankveddest, kom ho til minnast gullsakså ho hadde fått hos vekjungen. Tok så til å klippa i graset, så tida skulle gang snarare. Dette fekk trollbrura sjå; ho ditett åt vekja og gav seg til å telja på om å få saksa.

«Ja, saksa skal du få, om eg får koma inn dit prinsen kviler,» sa vekja.

Trollet lova henne det og fór med saksa. I kveldsøkta kom så trollet og førde vekja dit prinsen låg. Ho sette seg av på sengkanten slik ho hadde gjort kvelden før. Men alt det ho møddest med å få han vaken, så vann ho ikkje få han til å rå med seg. Då vekja såg det, skar ho i å gråta, og på dette viset vart ho sitjande til det var morgonen. Då kom trollet og jaga henne ut. Fyrst vekja var komen or romet der prinsen låg, vakna han, og med han låg der, kom han til å få høyra ei samtale som dei andre trolla hadde seg i mellom. Dei hadde høyrt nokon som gret inne hos prinsen om natta, sa dei. Dei undrast no på kven det munde vera, og dreiv og spurde ut einannan om dette. Det er like snart nokon som er komen hitett etter meg det, tenkte prinsen.

Alt med dette stod av, var vekja komen tilbake til romet sitt i hagen, ho; der sat ho og vantreivst og tenkte berre på kor ho skulle få prinsen vaken. Tok så fram hespetreet ho hadde fått hos vekjungen. Dette vart no trollbrura vis, ho ned åt vekja og bad om å få det. ja, vekja lova henne det, om ho fekk koma inn til prinsen. Men innan trollet var etter vekja, var ho inne hos prinsen med sovedrikken. No var han ille røynd frå før med denne drikken, og så fekk han måta det slik til han kvelvde kjørelet attover herda. Og då vekja kom inn, fann ho han vaken.

Så tok dei til å rådslå om kor dei skulle koma seg bort. Då fann vekja på noko.

«Du skal setja trollkvinnfolket på ei prøve,» sa ho. «Du skal lata så du vil sjå kva ho duger til innan du vil gifta deg med henne. Set henne til å vaska talgflekkene av skjortebrystet ditt. Og greier ho, så kan du lova ta henne til kjerring.» Vel dei var samrådd i dette, kom trollbrura inn drivande. Prinsen gjorde som han sov, og vekja vart vist på dør. Så sa prinsen til trollet: «Eg kunne ha mot å setja deg til eit arbeid innan eg bind meg til deg. Du får vaska talgflekkene av skjortebrystet mitt.» Det skulle snart stand av, meinte trollet. Gav seg så i ferd med skjorta. Men flekkene ville ikkje av, dei, det drogst utover berre, så skjorta vart meir og meir grimåt. Med ho no stod der, samlast dei ditett dei andre trolla. Dei ville sjå kor dette fauk av, ser du. Då det gjekk så bågt med henne som hadde sagt seg til å få skjorta rein, skulle dei andre trolla få sleppa til. Men alt det dei brudde og bala, så lykkast det ikkje å få flekkene av.

«Det sit ei vekje borti hagen,» sa prinsen, han stod der og såg på trolla. «Enn om ho fekk prøva seg å få flekkene bort.»

Dei var etter vekja. Og no stod det eitid av å få skjorta rein. Då trolla såg dette, vart dei så glo arge at dei sprakk kvart eitt og eitt.

No var prinsen løyst or trollskapen, og så skipa dei seg til å fara både han og vekja. Han ville dei skulle leggja vegen gjennom skogen der vekja hadde kome. Såleis kom dei tilbake til hyttene der ho hadde vore inne og spurt etter kvitebjørnen. Ho råka no att vekjungane som hadde gjeve henne gullnysta, saksa og hespetreet.

«Ja, dette er døtterne våre, det,» sa prinsen.

Og no tok prinsen og vekja borna sine, og såleis kom dei vandrande til kongsgarden der prinsen høyrde heime.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *