Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Kvitorm i Engeberget ved Torpantjenne

I Engeberget ved Torpantjenne har dei set kvitorm gamalt. Og likeeins i eit berg austan Hammarlia. Ein dag fekk han Lars Fjell sjå ein kvitorm der ved Hammarlia. Og denne ormen låg på ei lita steinrøys. — Han var itte mye stor, sa han Lars, på lag som ein høggørm og rundt hærsen hadde den ein raugul ring.

Da denne ormen fekk sjå han Lars, beit han seg i halen og rulla seg bort som eit hjul i lynget.

Ho gamle Andrea Enga nemnde at feittet tå denne ormen var bra mot mye slags sjukdom på folk som fe. Det var og ei gamal tru at fekk ein i seg tå dette feittet, så ville ein makta sjå meir enn andre.

På Fjellskogen var det ei kjerring som slo i hel ein slik kvitorm og koka feittet tå den til lækjemiddel. Medan gryta med ormen småkoka i gruva, gjekk kjerringa nedi fjøset for å sjå om ei ku som snart skulle kalve. Medan ho var i fjøset, gjekk den vesle smågjenta hennar borttil gryta og smaka på søet. — Da kjerringa kom inn att frå fjøset, så sa den vesle dotter hennar:

– A Drøple får ein botet okskalv i kvæll.

Og slik gjekk det.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *