Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Kyrkja i Hol var den yngste av dei gamle kyrkjone i Hallingdal, og er no den einaste som blir nytta til gudstenestor. Ål, Hemsedal, Nes og Flå-kyrkjone er rivne. Torpo kyrkje står att, men blir ikkje lenger nytta til gudstenestor og Gil kyrje er flytta til Bygdøy ved Oslo.

Mangt talar for at Hol-kyrkja er bygd fyrst kring 1500-års skiftet. Fyre denne tid sokna
holveringane til eit kapel som stod på Hovdegard i Vats. På desse tider var det truleg ikkje so mange som hadde sett seg ned i Hol, dei fleste budde elles i Hole og kan henda i Høve og der er det ikkje langt over til Vats. Det er truleg, at Hol til liks med Hemsedal, Leveld og Vats var bygt allereide sagatidi. Det går truverdige segn um at det var stor folkesetnad i Hemsedal og Leveld fyre svartedauen i 1349-50, men at alt låg audt og daudt her ei tid etter.

So skralt det var med vegar og framkomstmidlar på desse tider er det rimeleg, at dei som levde att etter at farsotti hadde herja bygdene, heller flutte ned etter dalen og tok i bruk øyde gardar der.

Hol-kyrkja vart fyrst bygd i Kjyrudalen — ein plass under garden Søndrol eller Sønderål. Tufti syner endå. Staden har før truleg vore kalla Kyrkjedalen. Lite grand ned for kyrkjetufti er det ein åker som kallast for Kyrkjeåkeren. Tett attmed er det ogso ei kjelde som kallast for Prestkjelda. Ei tid etter kyrkja var bygd tok ei snøskreda og sopte ho på Holsfjorden. No vart kyrkja sett upp att på Tingvollane synst ved Holsfjorden, men ikkje lenge etter vart kyrkja teke av ei ny snøskrede og sopt på fjorden. Segni segjer at det var ikkje kyrkjegard i Hol anten då kyrkja stod i Kjyrudalen eller Tingvollane, men at holveringane på dei tider grov dei som døydde på kyrkjegarden i Vats.

Då kyrkja skulde byggjast upp att samlast folk frå dei ymse bygdene til rådlegging. Kvisli var no bygd og kvislingane vilde ha kyrkja ved Haga. Kvislingane hadde på denne tid stølan sine i Lio og Ustedalen, Høvveringane hadde ogso stølan sine i Ustedalen — Skurdalen og Sudndalen var framleis villmarkir — og då folkesetnaden denne tidi truleg var større i Høve enn i Kvisli vart det gjort vedtak um at kyrkja skulde stå i Nerolsviken ved øvre enden av Holsfjorden. Her la ogso arbeidsfolki att ambodi um kvelden. Men då dei kom og skulde taka til att med arbeidet på tufti morgonen etter, var ambodi burte. Dei fann ambodi att millom Nerol og Helling. Folk flest tok dette som eit teikn frå Vårherre og so vart det til det at kyrkja vart reist just her. Kyrkja hadde vore og vart ei liti reisverkkyrkje.

Det var jamt prestar som åtte Hol-kyrkja, men enkja etter sokneprest Stockflet lyste ut at kyrkja og kyrkjegodset skulde seljast til den som baud mest. Fem holveringar med Sjugurd Foss i brodden fór då ned til Ål og kjøpte kyrkja med 38 kyrkjekyr. Det ser ut som desse herremenn har selt att, for då soknepresten Niels Ribe var død i 1751 har det vore auksjon i «Sterbboet» etter han, ogso over Hol-kyrkja som då hadde 39 kyrkjekyr. Lensmann Ole Hammersbøen, Eirik Seim, Sjugurd Mørk og Eirik Verpe fekk tilslaget på 402 riksdalar.

Sea gjekk kyrkja jamt i handel, serleg etter kyrkjekyrne kom burt var det ikkje noko lønsamt å sitja med kyrkja.

Kyrkjekyrne var gjenom tidene ofra til kyrkja av folk som vilde gjera godt med det, eller av folk på dødslægje som vilde sikre seg å bli evig sæl på dette vis. Ei slik kyr var kyrkja si eige, fullt ut, men det hadde vore skikk og bruk at kyri vart verande på garden ho var gjeven i frå og at det vart svara 6 merkar smør for året i leige for kyri til prestebolet eller kyrkja. Men no kom dei 4 menn som åtte kyrkja på at dei vilde ha kyrne framfødde um våren so dei kunde tilegne seg heile avdrotten av dei um sumaren og so skulde bøndane taka mot kyrne att um hausten og framleis føre dei fram. Dette vakte stor røre, men endelykti vart at dei 39 bønder som drogs med kyrkjekyr på garden sin vart nøydd til å kjøpe kyrkja og kyrne av desse 4 som åtte dette styret og dei måtte gjeva etter 55 riksdalar for kyra. Dei selde so kyrkja att utan kyrkjekyr. Frå no av vart det helst ei byrde å eige kyrkja og ho gjekk i handel frå mann til mann. Ikring 1790 kjøpte sokneprest Hofgård ein fjordepart i kyrkja av Stein Sønderol for 46 riksdalar, ein fjordepart kjøpte han ogso av bonden på Kyrkjeluten. Den andre halvparten heldt på å gå i handel. Hofgård volte um kjyrkja på ymse vis og gjorde ho større. Skipet som no er fekk han tømra attåt, det upphavelege skipet vart kor og koret sakristi. Ein byggmeister heitte Rabben, sa ein kveld at han vilde flytja koret, som no er sakristi, heilt, utan å ta det ned, og dette vilde han gjera åleine. Um morgonen var det kome på plass, og Rabben let som det var løynde maktir som hadde hjelpt han, men han hadde berre lagt rullar under og skrubba det på plass.

Då sokneprest Hofgård flutte frå Ål til Sigdal tok han med seg lysekruna frå Holskyrkja, som han åtte. Lysekruna heng den dag i dag i Sigdal kyrkje. Holkyrkja fekk ei tarvelegare lysekrune i staden.

I året 1882 kjøpte Hol kommune kyrkja av dei private eigarar.

Kyrkja har framleis lite grand tiend og lands-skyld av nokon gardar og vinskatt av husmenn og lausekarar. Heradstyret gjorde samrøystes vedtak um å leggja ned dette kravet på vinskatt, men stiftsdireksjonen meinte, heradsstyret ikkje hadde rett til å taka burt denne skatten.

Endå um Holkyrkja er umbygd og tilbygd, må ein segja det er ei stilleg og ven kyrkje. Preikestolen står rett over altaret.

Den gamle altartavla er stygg. Biletet skal syna innstiftingi av nattverden, men apostlane ser ut som drukne menner, som har fått ein storfugl i vrangstrupen, alle i hop. Både i detalj og i det heile teke er bilætet forfeila.

Ein merkeleg ting er det elles med Hol kyrkje — på øystre side er det tilbygd ein tunnekvelv eller absis. Eit lite rundt tårn over denne absis er av nyare dato, men sjølve kvelvingen er visseleg like gamal som kyrkja. Hol gamle kyrkje er lun og triveleg, som ho står der so solbrend uppe i bakken. Det er tvo slag kyrkjor og det er tvo slags hus — varme og kalde. Hol kyrkje er av dei varme, so kravlaus ho står der. Og ho er kjær for bygdefolket, som gamle kyrkjor jamt er det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *