Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Kyrkja på Rindal

Burtanfor Gjøabrua, nedanfor Landsheim er der ein ven haug dei kallar Kyrkjebakken. Der har aldri stade nokor kyrkje der; men gamle folk veit å fortelje dette.

For mange hundrad år sidan, då rindølene fyrste gongen tenkte å bygge seg kyrkje, vart det fastsett at kyrkja skulde stå på Landsheim.

Dei tok alt til å køyre fram timber. Men det rare var at um natta var tømmeret vorte burte. Folk til å leite. Jau, der låg kvar stokken på Rindal, der kyrkja no står.

Dette tok dølene for eit teikn frå Vårherre, og so vart kyrkja bygd der.

Langt seinare kom det upp at folket i Aunegrenda og Romundstadbygda hadde vore mann av huse ei natt og køyrt tømmeret til Rindals.

Ved Ola Romundstad. 1938.


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *