Internt referansenummer:B-09-001
Kilde:
http://home.online.no/~jsoraa/sagnsamling.htm

Kyrkjebegeret på Leka

Leka kyrkje sto før i tida på Leknes, ho er flytt derifrå no. Denne soga skulde ha hent i den tida då kyrkja enda sto på Leknes.

Det var ein mann frå Leknes, som skulde gå på vitjing til ein kamerat han hadde på Solsem. Komen til Sandvollan burtenfor kyrkja møtte han ein mann, som kom ridande. Mannen fra Leknes reid han med, og då dei kom jamsides stogga dei hestane sine båe. Det var nett julekvelden og den framande tok opp eit beger og baud leknesmannen juleskjenk.

Lekneskaren tok begeret i handa, det var eit sers fint sølvbeger. Leknesmannen hadde ikkje rett lyst til å drikke noko, som vart bydd av ein heilt ukjend mann, og då han såg nerare på den framande, så var det og noko ved han, som fortalde at det ikkje var nokon vanleg kar han hadde møtt. Han snudde då brått hesten, kasta skjenken, som var i begeret attover seg utan å smake det, og jaga så på hesten for å koma heim. Men det kom ein drope av det, som var i begeret, ned på hesteryggen, og det sveid så, at hesten fór i tvitan burtetter vegen. Då han reid framom kyrkja, så kasta han begeret, og reid så heim.

Dette begeret skal vera i kyrkja på Leka den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.