Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

KYRKJEKLOKKA I EIKEN

Om den gamle kyrkjeklokka i Eiken går ei segn om at dei fann klokka i sjøen. Men då dei skulle draga ho ombord i båten, var ho aldri til å rikka. Då sa skipparen:

«Eg trur aldri me får ho opp, for ho er nok tiltenkt ei av kyrkjene i landet, og før me kan seia namnet på den kyrkja får me ho ikkje.»

Mannskapet på båten var vide kjent og tok til å nemna den eine kyrkja etter den andre. Men klokka sat like fast. Først då dei nemnde Eiken kyrkje lyfta klokka seg på bylgjene og rak inn til båten.

Klokka hadde ein merkeleg og sers fin klang og var høyrande langan leid. Men så ringte ho for ein brotsmann som blei gravlagd ved kyrkja, og då sprakk ho og hadde sidan så hås ljod at ho mest skremde folk.»

Finst det noko grunnlag for denne segna?

Går ein gjenom rettsbøkene for Vest-Agder for 300 år sidan finn ein m.a. dette:

Den 16. desember 1668 holdtes rettsmøte på ytre Berge i Lyngdal der velfornemme Jens Pedersen Schildrup havde indstevnet Ommund Bircheland af Quasen sogen, forige kirkeverge til Eggen kirke, og tiltalde hannem for en kloke Eggen kirke tilhørende, offuer hans forsømmelse er blefuen sønderslaget medens han til samme kirke var kirkeverge. Desligeste tiltalt hannem for 2 vinduer i den nordre side kirken som og medens han var kirkeverge er bortkommen.

Der til at suare møtte sagvolderen forn. Ommund Bircheland som ikke benægtede at den paatalte klokke til Eggen kirke ioe bleff sønder-ringet af nogle drochne ligferds folck, imens han var kirkeværge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *