Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Kyrkjeskatten frå Gildeskål

I dei åra engelskmennene for molesterte etter kysten, førde gildeskålfjerdingane ein større skatt til Beiarn. Det skulde vera kyrkjegods dette. Og i Gildeskål skal ha funnest skrifter som handla um denne skatten. I desse stod det millom anna: «Skatten er gjemt i Bugten ved Beiarns skove.» Dessutan er det fortalt at det vart planta eit tre, eit stykke unda der skatten vart nedgraven, og dette treet var av eit slag som ikkje veks villt i Beiarskogane. Av dette har det vore gissa på, at det er på Arstad skatten ligg gøymd; for der står ein gammal alm, og den finst ikkje som skogtre der.

Elles skal utfjerdingane fleire gonger gammalt attende ha vore inni Beiarfjorden og gøymt unda sylv og andre verdeting.

I Gildeskål går det og fråsegn um denne kyrkjeskatten. Men den lyer annleis. Ei tid det var ufred i landet, vart det henta sylv or Gildeskålkyrkja; det skulde førast til Beiarn. Men inne i fjorden fekk dei storm over seg dei som førde; og då dei var utfor Kjellinglandet, våga dei det ikkje lenger, men tok land. Og sylvet vart nedsett på Kjelling.

Ei tida for folk mykje og leita etter dette kyrkjegodset. Og eit lag som var og grov, kom nedpå ei steinhelle; då vart det ein slik underleg klang i den. Og av dette fekk dei ein slik ank i seg, so dei let vera gravinga; dei fyllte i hola og for sin veg. Og no veit ingen meir kvar dette romet er.

Det er fleire stader dei skal ha bore sylv or kyrkjone i ufredstider; soleis i Skjerstad. I Gullura ved Kvandal skal vera nedsett ein skatt frå Skjerstadkyrkja. Men ei tid attpå gjekk det eit ras der, og under dette gjekk skatten tapt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *