Kilde
ATTOM FJELLOM
AGDER I SEGN OG SOGE IX
Av Magnus Breilid
MANDAL 1973

KYRKJETUKT I BYGLAND

Syver Ormson Kvåsestue i Bygland hadde vore til kyrkje og stelt seg «usømmelig under prædiken med snak og larm». Presten, herr Peder Christophersen, var blitt forarga for dette og bede lensmannen, Thollef Jørgensen Hedsteen kalla Syver til retten på Heistein 20. oktober 1696. Her møtte Syver og nekta ikkje for at han hadde sete drukken i kyrkja og tala med folk som tala til han. Likeeins hadde han svara presten som hadde tala til han frå preikestolen.

Retten meinte Syver for dette burde ha havt ein «grovelig straff» og stått i gapestokken, slik som loven «udi 6 bogs 3 cap. 10. art. befahler», men fann likevel denne gongen at han skulle sleppa med å stå «åpenbar skrifte, og give herr Peder udi omkostning en rixdaler».

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *