Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kyrne blir bra når je kjem bort

På ein gard ved Røros vart kyrne så leie til å liggja borte. Det hende at dei kom raklande heim på morgonsida, men ofte kom dei ikkje i det heile. Ein 10 års gut skulle gjæta dei, men det var hedt ville når han ville jaga dei heimetter. Dei sprang til kvar sin kant. Han fekk dei da med seg til sist.

Ein kveld sa mora til guten:

–    ”Kyrn bli bra dom når je kjem bort.”

Guten la seg orda på minne, og mora fekk rett.

Mora var sterkt religiøs, og eit godt menneske. Ho døydde ung, og etter at ho var borte gjekk kyrne heimatt kvar kveld.

Vondt varsel

Ei vinternatt vakna same kona med at det braka i huset som om ein takås brotna av.

Ingen av dei andre hørte noko. Om morgonen fortalde ho om det og sa at det var eit vondt varsel.

Om sommaren døydde ein av eldste sønene av blindtarm.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *