Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kyrne la seg borte

På ei av sætrane ved Holden i Ålen vart kyrne så leie til å liggja borte. Same kor godt stell dei fekk, like lite hjalp det. Borte var dei og borte vart dei. Kvar einaste kveld måtte ein mann langt utover fjellet og jaga dei heim. Lite viljuge var dei også til å gå. Det var som noko heldt dei fast.

Dei flikka på fjøset og det vanta ikkje korkje på mjøl eller godklapp. Det vart berre verre og verre. Og reint gale vart det etter at det vart set mosedott i kubjølla. Dette vart gjort kvar einaste dag og det vart sers vanskeleg å finna buskapen.

Da gjekk kona til Røros. Ho ville snakka med Ola Gropen. Han visste nok råd for slikt.

Før ho gjekk ba ho grannekone bitte inn kyrne dersom dei skulle koma. Og med det la ho i veg.

Ut på ettermiddagen same dag var ein mann frå grenda oppetter åsane etter hesten. Han fann hesten øvst i skogbandet, tok hylda av og beisla opp.

Da hørte han ei kubjølle oppe i fjellet, og der kom ein kuhop i tanande renn nedetter.

Mannen leidde heimetter med hesten og la vegen framom sætrane nede i lia.

Om dei hadde sett kyrne som kom …

Jau da, dei såg kyrne, og det var kyrne som ikkje ville heim. Her kom dei med rompone i veret, storrautande og stima rett mot fjøsdøra. Det var første buskapen som kom. Dei fekk saltklipen sin og la seg rolege til å ørta i båsane sine.

Kona var kome vel fram til Røros. Der fekk ho Gropen i tale. Han sa ikkje stort.

–    ”Døm æ på heimveg, ser jeg, døm bli bra no skal du sjå," sa han.

Og kyrne vart sers heimhuga etter den dagen. Ofte var det slik at dei kom i tidlegaste laget.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *