Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Læra lappgann

Han far min tala um ein i Gildeskål, han hadde fått mot å læra gann. So fekk han åt seg ein ronalapp; og her bar til.

Fyrst vilde lappen gje mannen upptak i å frigjera seg frå gann. Jaha. Det gjekk greidt. Deretter skulde dei so til å set gann; og dentid dei var komne so langt med læra det vart spursmål um å be seg fri den treeinige Gud, då forstod mannen det bar gale i veg.

«E vel no inkj ver me da lenger,» sa han.

Men då vart lappkallen flise arg, og vilde berre ha greide på kven han skulde set gannet i. Men det hadde ikkje mannen nokor råd med.

«Ta da sjøl, då! Da ska du ha tel straff,» sa lappen.

I det same kjende mannen det la til og stakk so illt i eine armen. Det sette seg vondskap i; og mannen vart gangande all si tid med ein stor kul på armleden (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *