Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
MAGRE VILKÅR – FRÅ GRENSEBYGDER OG FINNSKOGER
Haakon Garaasen
OLAF NORLI
OSLO 1924
Andre samlinga.

Lange vintrar og stutte somrar

 

Eg møter ein gamal gubbe i seinhausten. Andlete er magert, augo tærande i glansen, og ryggen krøkt. Inn i detta magre andlete ligg det som ei ljøske frå mange lange kvite vintrar. «Huff ja; lakkar mot ein ny, lang og aud vinter no lel!» Og det går mest som ein skugge over andlete hans. Leva folk her, vinters tider? Kan itt vera Vår herre si meining, det itt. Og skal det vekse noko i ‘na stutte sommaren, lyt vi hente nærings¬emne åt jorda vår frå alle heimsens kantar: Dan-mark, Tyskland, England, Italia, Amerika — —

«Dæ æ itt for folk å bo her; itt for krøttør hell! Best å gjøra som han sa det, han Bustbergs Krestjan: reise åt Amrikka alle mann, ja horivie ein, og berre sjå hit att ein 14 dagars tid med heitaste sommaren, sa’n. Her er det eit verlag og eit lende, ja ursameia kar: her høver det berre åt hylande ulvar og rivande bjørnar!» sa’n.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *