Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Langfredag skulle sjølvmannen…

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Langfredag skulle sjølvmannen…

Langfredag skulde sjølvmannen og andre karfolk rise og lave. Når dei lava, kleiv dei upp i gamle graner og kvista ned kvist med bar og lav på. Dei nytta ogso lavet og riset på bjørki. Riset, baret og lavet køyrde eller drog dei heim. Dette foret var geiti raspande gali etter.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *