Internt referansenummer: 29.04.2011 – B
Kilde: norske sagn
Redigert av: DR. PHIL. R. TH. CHRISTIANSEN
Forord av: PROFFESOR DR. KNUT LIESTØL
Samlet ved ALLERS FAMILIE-JOURNAL
H. ASCHEHOUG & CO (W.NYGAARD)
OSLO 1938
TEGNINGER AV ASLAUG TRANHEIM OG SVEIN BURAAS
OMSLAGSTEGNING AV HENNING GRAN
Klikk her for å lese “Forordet”.
Klikk her for å lese “Innledning”.

 

Lappen og Ervikfuten

Segn fra Salangen

Høivik heiter ein plass mellom Sjøveien og Skårvik i Salangen. Frå gammal tid har det vore buplass der. Der er enno merkje etter ei gammal tuft med eldstad og torvile. Ein lapp budde der aleine for lang tid sidan. Den tida budde det ein fut i Ervika i Trondarnes. Ervikfuten kom ein gong til Salangen for å kreve inn skatt. Båtskyssen rodde inetter fjorden frå gard til gard. Då dei kom framom Skårvika, hørte dei slik ein underleg låt fra lappegammen i Høivika. Ervikfuten visste ikkje kva det var, men ein av rokarane kjende låten. Det var lappen som spela på runebomma og joika. Då vilde futen at dei skulde legge til lands, og dei lurde seg op til gammen og reiv op døra. Men då spratt lappen op, og fór som ein vind ut gjennom eit hol i torvveggen og beint til skogs. Runebomma låg att, og futen tok henne med seg. Så for han heilt innover fjorden og opover landet og kravde inn skatt. Men da han kom til Strokkenes, fekk han slik magesjuke og verk, så han berre låg og bar seg, og dei måtte snu attende.
Skysskarane meinte at det var lappen som hadde sett sjuka på han. Då sa futen at dei skulde ro til Høivika og gå op til lappen med runebomma. Lappen var ikkje tilstades då dei kom dit, men det var varme på gruva. Dei la runebomma ifrå seg og gjekk straks til båten og tok til ro utetter fjorden. Men dei var ikkje komen lenger enn til Rotviknesset, då var mageverken liksom blåst bort. Futen vilde likevel ikkje snu attende, men for beinast heim. Han hadde vist fått nok.

Opskrevet av stud. fil. Herleiv Dahl,
efter bankkasserer S. Johnsen, Sjøveien.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *