Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Lars-Geisar’n

— Oss er tulne, alle saman. Eg au er tullen. Men ein gong eg kom att frå Skjåk var eg heilt klår millom Nørstnes og Stusnes, hermde Johs. Skjæsar etter Lars-Geisarn.

Lars var frå Geisar. I unge år dreiv han fe- og øykjehandel i lag med Erik, bror sin. Men så vart han rar, eller halv-rar, kva nå grunnen kunne vera. Folk sa det var tap han hadde lide på’, hesthandel som han gjekk og irast på.

Han var stor og før, og gjekk med heilskjegg. Han fløtte åt Skjæsar, og stelte seg sjølv. Den vesle matgryta hans hekk i omnskrokane når ho ikkje var i bruk. Han låg bak skorsteinen om vinteren, om sumaren i stallen. Elles gjekk han blant gardsfolket, som høyrde han til der. Han gjekk mykje åleine og tala høgt for seg sjølv. — Denna Merratjuv-Per’n, kunne han seia, han gjekk att og fram i stallen og beit seg i fingrane, fortalde Torjer Sandviken, som tente på Skjæsar. Han og Per Sletten stilte seg inn på stalltrevet og lydde, for for-lemmen stod oppe.

Lars hadde opp-namn på alle syskena sine. Det var Styggever-Erik, Merratjuv-Per, Tusenlygne og Ljugartæva.

Torjer Sandviken fortalde at Lars hadde selt ein hest åt Trolldølen, men fekk ikkje betaling. Så reiste han sør i Trolldalen og tumma han, vart visst noko hardhendt. Da Trolldølen seinare døydde av sårfeber, tyngde dette svært på Lars-Gjeisar’n.

Trolldøla var ofte på Skjæsar, og når ho kom, gøymde Lars seg. Trolldøla var av dessa som for ikring på gardom på traktering. — Ho gjekk i tjukke labbar og bar eit knyte, var litol og lett og habbeleg kledd, ho var ingen fin fugl, sa Torjer om ho.

Lars-Gjeisarn døydde i Nørdre Foss-Stugun, etter at Sjugurd Botolvson Stugun kom der, fortalde dottera hans Sjugurd.

Lars-Gjeisarn brukte ord om eg ikkje har høyrt sidan: — Eg likar meg ikkje på Kjæstad, sa’n. Det er så føtt der. (Jøtt — ljøtt — kjem vel av ljot: stygg).

— Det er annan maksl på søre stugun på Graffer, sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *