Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Lars Mæle og Tjuvarne

Gamle Lars Mæle hadde laga til ei sløa til aa fanga fisk med nede i Mælsosen (i Aardal). Ein kveld skulde ho Sigrid, kono hans, og tvo tauser ned og sjaa etter fisk; der var baade laks og aure. Daa dei hadde fenge fisken paa land, fekk dei høyra ein fæl ljod fraa ein haug attmed elvi, og uppe paa haungen saag dei ei underleg blenkjing. I den same haugen, var det sagt fraa gamalt, skulde det halda seg skræmsle; men korkje Sigrid eller tauserne hadde trutt noko paa det. Men no vart dei reint forsigna. Skulde det finnast skræmsle, tenkte dei, so laut dette vera det; for slikt hadde dei korkje høyrt eller set i sitt liv. Dei sprang heim fortast dei kunde og fekk Lars med seg. Daa dei so kom ned att, var fisken burte. Det var greidt at det var tjuvar som hadde vore paa haugen; dei hadde havt byrsor og brent krut paa fengpanna. Dei kunde lett skyna kven tjuvarne var; men aa faa det paa deim var ikkje lett gjort.

Lars Mæle var ein utkropen kar, og han visste jamt ei raad. Ikkje lengje etter var det eit brudlaup i bygdi. Den eine av dei mennerne dei hadde mistankar til, var i brudlaupet og var spelemann. Lars Mæle var der og. Han gjorde seg vel kjend med spelemannen, gav drust i fela og fekk mannen reint i godlag. Dei rødde um baade nytt og gamalt, fortalde skrønor og log hjartans godt. Best som det daa var, sa han Lars: «Du hev vore kar mange gonger, du Olav; men daa du fkk skræma henne Sigrid og tauserne burt fraa fisken, daa totte eg du var meister.» «Ja, var eg ikkje?» sa han Olav og log. «Eg hev lætt med meg sjølv mange gonger sidan, naar eg tenkte paa kor nautne dei kunde vera, at dei lét seg skræma soleis av meg og Jone.» «Ja, det er so sant som du segjer det, Olav; men no høyrer de paa det, godt folk som her sit, at det er Olav og Jone som hev stole fisken,» sa han. Dermed var dei faste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *