Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Laurits Sømme (Lensmenner i Rogaland)

(SOLA SKIPREIDA)

 

Laurits Sømme (i seglet L. A.) vart 13. januar 1624 sett til lensmann og er seinare nemnd det til 1634. På Haugs fjordungsting 28. mars 1625 er han kalla Rasmus Sømme; men det må vera ei misskriving; På Solatinget 25. no-vember 1634 bad han seg fri fyr lensmanns-yrket, og fekk godt lov av folket i alle måtar.

I Sola-ting 10. februar 1629 var det fyre ei sak um lensmannen. Han hadde med 6 mann fenge pålegg um å «utvurdera» 7 dalar frå Ragnhild Ølbør. Det hadde dei ikkje gjort, men vanvyrdt både domen og påbodet frå lensherren. Laurits Sømme og dei 6 mennerne (Njell Helland, Rasmus Helland, Einar og Tore Byberg, Baard Håland og Omund Utsala) møtte og sa at dei aldri hadde vanvyrdt domen eller pålegget frå lensherren; dei vilde berre setja sak ut, so dei kunde rådføra seg. Retten spurde Njell Andersson og Jørund Adamsson, kor dei kunde vita anten dei vanvyrde domen eller ikkje. Jørund Adamsson svara, at det kunde ingen prova anna han som las domen, og Per Rekje. Det vart dømt at dei 6 mennerne skulde bøta 4 mk. sylv i brevbrot, og endå gjera ettet påbodet. So skulde dei og svara Njell Andersson fyr kost og tæring etter som 6 mann lagde deim fyre.

Laurits Sømme og dei 6 mennerne stemnde Anders Austrått på Njell Andersson, sonen, sine vegner fyr eit brev han hadde sendt til lensherren med skuldingar på deim som var usanne. Njell Andersson møtte fyr faren og klaga på det uloglege ai dei hadde stemnt honom utanfyr hans eige verne-ting. Då vart dømt, at Laurits Sømme og hans medbrør skulde gjeva Njell Andersson kost og tæring fyr denne uvanlege stemning.

Til Sola skipreida vart rekna 1661:

1.     Sola (Kyrkje-Sola), 6 pund korn; Håland nr. 14.

2.     Ølbør, 4 p. 3 vætter k.; Håland nr. 20.

3.     Utsola, 3 p. k.; Håland nr. 16.

4.     Tjora, 9 1/2 p. k.; Håland nr. 10.

5.     Nordre Kolnes, 5 p. 1 v. k.; Håland nr. 11.

6.     Søre Kolnes, 5 p. k.; Håland nr. 13.

7.     Sveinsvoll, 4 1/2 p. k.; Klepp nr. 49,

8.     Heigre, 4 p. k.; Høyland nr. 54.

9.     Byberg, 4 p. 1 v. k.; Håland nr. 25.

10.   Sømme, 6 p. 1 v. k.; Håland nr. 15. Herunder Fylevoll (?), 1 v.
        k. (øyde); no Fuglavik, Håland nr. 15,6?

11.    Tjelta, 3 p.3 v. k.; Håland nr. 28.

12.     Håland, 4 p. k.; Håland nr. 21.

13.     Myklabust, 6 p. k.; Håland nr. 3.

14.     Jaasund, 3 p. k.; Håland nr. 1. Herunder Meland (øyde), 1 v. k.; Håland nr. 2.

15.    Rekje, 3 1/2 p. 1/2: v. k.; Håland nr. 17.

16.    Meling, 3 p. k.; Håland nr. 5.

17.    Haga, 6 1/2 p. k.; Håland nr. 6.

18.    Dysjaland, 2 p. 1 v. k.; Håland nr. 27.

19.    Store Risa, 2 p. 3 v. k.; Håland nr. 7.

20.    Helland, 2 p. k.; Håland nr. 24.

21.    Rott, 2 1/2 p. k.; Håland nr. 12.

22.    Gimra, 2 p. k.; Håland nr. 29.

23.    Hugstad, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 9.

24.    Vigdel, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 22.

25.    Hellestø, 7 p. k.; Håland nr. 23.

26.    Meland (store), 1 p. k.; Håland nr 4.

27.    Litlaland, 3 1/2 v., k.; Håland nr. 19.

28.    Klingshei, 1/2 p. k.; Håland nr. 18.

29.    Harvaland, 1 v. 2 spann k.; Hå-land nr. 26.

30.    Litle Risa, 1 v. k.; Håland nr. 8.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.