Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Laust-Sprang

So heiter ei glovra i eit høgt fjell uppyver eit fjellvatn i Saud-sokn. Glovra er mange alner breid, og namnet hev ho fenge paa den maaten, at det var ein mann som var dømd fraa livet, men so skulde han berga livet so frami han kunde hoppa yver denne glovra med ei kvartels-gryta paa ryggen. Og det greidde han. Sidan var det nokre som ikkje vilde tru at han hadde gjort det. Daa skulde han syna deim at han kunde. Han gjorde fart og vilde hoppa yver med ingen ting paa ryggen; men daa greidde han det ikkje; han datt ned i glovra og slo seg i hel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.