Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976

 

Legdekallen Kristian Slettbakken

 

Ein gammal legdekall, han Kristian Slettbakken, var ei lang tid i hus hos ho bestemor. Ho hadde 10 øre om dag for å ha han. Detta var i åra kring 1900.

Så kom dei i gang med å samle legdslemmene i ein fattigheim, og det bar da dit med han Kristian. Men han visste ikkje å trevjas der. Han var skral til beins og laut bruke to stavar når han skulle ta seg fram. Enda så forkomin han var, hadde han vunni seg ned åt Rands-fjorden. Han leit på han skulle få følgje noen som skulle over, så han kunne kome seg tilbake til Nysbegynt åt besteforeldra mine. Han kom seg over, og han Kristian vann å kreke seg opp til Nysbegynt.

Han gret da han kom dit og kjærbad om å få bli der.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Ho bestemor var gammal og mye slitin etter arbeid, men ho lova han Kristian at han skulle få vere hos dei så lenge ho vann å ta hand om arbeidet i huset.

Ho bestemor fall bort før legdekallen, og det bar da tilbake til fattigheimen med han Kristian, der han fikk siste leveåra sine (Fluberg).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *