Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Leikaren

Det var ikkje vanleg at folk rodde som leikarar i fiskeværa i Berg og Torsken, men det hende at ein og annan lausreipa kar på Sør-Senja f6r til Lofoten og hyrte seg som leikar der. Leikaren la ikkje til anna enn arbeidskrafta si og fekk ikkje noen lott, men hadde fast hyre. Denne hyra kunne vere frå 100 til 150 kroner for vinterroren (3-3½ månad). Elles hadde leikaren det dei kalte «fritt lag», det vil seia kokfisk, gjerne med suppe til, men ho var helst tynn («leikarsuppa»).

Dei andre fiskarane såg ofte ned på leikaren og syntes han var lat og lurte seg unna arbeidet. Han var ikkje som dei hine på båten direkte interessert i drifta og såg helst at fangsten blei minst muleg og at landlegedagane blei mange. «Han driv som ein leikar i Lofoten», sa dei om ein som det ikkje var noen fart i. Eit gammalt herm syner korleis leikaren var vurdert sosialt. Då husbonden baud han ein dram, svarte han: «Det er sjeldan det kjem honning på hundtonga.»
(Harry Alver)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *