Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Leivdalssætra

Store Lars og Store Daniel Helset var kjende for styrken sin. Dei hadde mykje trubbel med presten i Eid som var eigar av skog og utmark i Leivdalen. Ein gong var dei av stad og brende ei sæter som Leivdølingane hadde bygt oppe i sætremarka. Lars og Daniel meinte at det var på deira beitemark. Men Eidspresten hadde visst betre rett og kunne visa fram betre eigedomspapir, og presten Povel Glad, som var kjend som ein kranglefant, ville ha dei for retten. Lars og Daniel kledde seg då i fin puss og leidde med seg ein liten svart hest inn til prestegarden i Eid der dei leverte frå seg hesten. Etter ei tinging som ikkje var so beinkløyvd, var dei vener med Paul Glad, og han let saka falle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *