Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Geistleg preg…

Presten i Gloppen var også ordførar. Han var noko rådriken av seg og tok det ikkje alltid så nøye med planlegging og vedtak. Når han fann at noko måtte gjerast i kommunen, så sytte han berre for at arbeidet vart gjort. Og ein så ihuga ordførar var noko folk flest sette pris på. Men det var også dei som meinte at han var meir prest enn ordførar når han leia kommunen.

Ein gong fekk denne ordføraren vedtak i kommunestyret om å byggje ein parkeringsplass som han hadde kosttnadsrekna til kr. 2 500,–. Dette var så liten sum at det vart ikkje sett noko nærare på det.

Så vart plassen bygd, og det synte seg at han ikkje kosta to tusen fem, men femogtjuetusen. Kommunestyret måtte gjere vedtak om tilleggsløyving. Då var det ein av representantane ikkje kunne dy seg:

– Det undrar meg ikkje at kalkylen ikkje held. Denne saka har heile tida hatt ei geistleg preg over seg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *