Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Rett og rangt

Mons Monsen, seinare lensmann og ordførar i Flora kommune, var i sin ungdom dreng hjå lensmann Rosenlund i Davik. Rosenlund brukte å sende Mons avstad for å ordne opp når det var ugreie eller usemje mellom folk ute i øyane eller andre stader.

Og Mons var ein klyppar til dette. Han skar igjennom problema og sa klart ifrå kva som skulle vere rett og rangt, og til vanleg retta folk seg etter det som Mons sa.

Men, sa lensmann Rosenlund, det stod ikkje altid noko om det i Norges lover, dei ordningane han fekk i stand.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *