Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Skikkeleg prest er en mangelvare…

Heradsgartnaren i Leikanger hadde noko lett for å banne når han vart forskrekka. Han og presten budde vegg i vegg så å seie. Ein dag kom presten ut i hagen med ei greinsag og klatra opp i eit høgt tre for å pynte litt på vegetasjonen. Han var lite øvd med slikt og opphaldet på dei tynne greinene var slett ikkje trygt for presten.

Dette såg heradsgartnaren frå glaset, og då han var ein god ven av presten, sprang han ut i hagen og ropte:

– Du må fan ikkje dette ned og slå deg i hel, det er ikkje so lett å få att ein skikkeleg prest.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *