Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

To devlar…og den eine var sokneprest!

Sokneprest Sande hadde vore på Vereide og preika 1. jutedag. Det var glatt på vegen den dagen, og då presten køyrde heimatt gjekk det ikkje betre enn at han køyrde utfor vegen. Kyrkjebussen kom straks astom, og sjåføren såg det hadde gått gale med presten. Han stogga bussen og gjekk ut for å hjelpe. Men presten hadde ikkje fått nokon skade, og medan dei stod og såg på kva som kunne gjerast med bilen, kom det ein bil til som også køyrde utfor vegen. Dette kom brått og uventa, og bussjåføren sette i:

– Der fòr ein devel til.

Presten:

– Ja, så sannelig gjorde det ikke det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *