Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Vikar for soknepresten i Gloppen…

Prosten, soknepresten i Gloppen, som også var ordførar fekk ofte knapt med tid.

Formannskapsmedlem Bjarne Sande var innkalla til møte. Han var litt tidleg ute og gjekk inn på kontoret til ordføraren. Der sat ein mann som Sande ikkje kjende. (Det synte seg seinare å vere den nye kommunerevisoren).

Ordføraren møtte Sande i døra og sa:

– Det var godt du kom no. Du lyt ta ei jordferd for meg i Gimmestad. Eg rekk ikkje over alt i dag.

Bjarne Sande skjønte at dette var mynta på den som sat inne på kontoret, så han svara like alvorleg:

– Det får bli ei råd med det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *