Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Lensmann Sønderol

Lensmann og tingskrivar Sønderol budde på fedrenegarden Sønderol i Hol. Når han vilde tala med bøndane i Hol um eitt eller anna gjekk han berre burt på bakken burtanfor garden og løyste tre skot, so kom bøndane rundt Holsfjorden trast til Sønderol.

Lensmannen hadde ei dotter heitte Birgit. Før ho vart vaksen måtte ho som andre born gjæte buskapen på stølen, det hjelpte inkje at ho var lensmannsdotter.

I beitesmarki kom det ein haugagut til henne. Dei vart sers godt kjende og hugla kvarandre. Ho fekk so fint bundingsgarn og mangt anna hjå han. Dei hadde jamt motlag um kveldane på ein stad som kallast Smaltangjelten.

Ja, so vart dei samde um å halde brudlaup og Birgit skulde flytja inn i berget til festarmannan sin. Då foreldri fekk veta dette, tok dei gjenta trast heim frå stølen, so ho ikkje skulde få have til vera i lag med huldreguten ho hadde huglagt. Men so sterk elsk hadde ho til huldreguten at far hennar måtte hente presten Nimb frå Al upp til Sønderol for å tala henne til rettes. Foreldri vilde ho inkje høyre på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *