Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Levemaaten i krigen

Rendølane tala og paa det var kleint med matstallet, og ikkje var det stort likare i klædesvegen hell. Dei fekk heil havre, og den turka og mol dei sjølve. Klæde, og serleg skor, var det nok meir enn ein som raadde seg naar dei kom over dei som laag daude paa slagplassen.

Ein dag kom nokre rendøler reint utsvoltne aat ei mølle tett attmed Kongsvinger. Mannen som eigde mølla, vilde raada seg sjølv og ikkje lata deim faa nuko. Daa vart dei harme, og tok og kasta ut mannen, og turka og mol og kokte seg graut og aat, med mannen sat ute paa bakken og gret.

Det hende det var fusk i maten dei fekk og, soleis kom dei under med det ein bakar hadde blanda limmjøl i brødet, og orange taa soldatane vart sjuke og satte livet til. Men daa vart bakaren dømd til aa mista hovudet.

Paa sjukehuset var det og svært daarleg stell, so det døydde so svært mange taa dei som kom der. Millom soldatane kom det daa ut det ordet det dokterane gav i hel deim, so dei fyrr skulde bli kvitt deim derifraa, og dei taa soldatane som var mest truskuldige, trudde det var aalvor, og vilde ikkje dit paa nokon maate so lenge dei fekk raada seg sjølve.

Fleire taa rendølane hadde moro taa aa tala um noko fraa ein tur dei hadde ut i skogen paa spæjing etter svensken. Dei hadde gaatt langt og var baade slitne og svoltne, daa dei kom aat ein einsleg plass. Der gjekk dei inn og bad um aa faa kjøpa mjølk. Men kjerringa var sur og grætten, og ho meinte paa dei skulde dra seg utatt. Ho hadde inga mjølk sa ho. Men daa fekk ein sjaa det stod ein diger mjølkbunke uppe paa ei hylle. Han lyfte ned bunken, og so var det tjukkmjølk. Han tok og drakk det han vilde, og gav so fraa seg bunken aat næstemann, og denne drakk og sende bunken vidare. Dette stod kjerringa og saag paa, og sa ingen ting fyrr bunken mest var tom. Daa rende ho til: «Ja um di drekk upp mjølka mi, fær di ikkje reisa med tettgubben min!» sa ho. So greip ho ned i mjølka med handa og tok upp ei regnsleipe, som ho hadde i ein klut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *