Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1963 side 27
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik
Skrevet av: P.Jæger-Leirvik

Likkister

I eldre tid, der det var veglaust og ellers vanskeleg framkomst, var det vanleg at dei i god tid fekk oppsaga likkist-bord åt seg sjølve. Dei kunne bli liggande på lager i mange år. Uvanleg var det heller ikkje, at de på slike stader fekk gjort likkister åt seg medan dei var friske og fullt arbeidsføre.

Olav Finnestrand, Kolvereid, har fortald om eit ektepar i Djupvika i Kvisten, Albrigt Tollefsen, f. i Kolvereid i 1818 og kona Olava Olsdtr., f. i Harran 1815. Dei fekk gjort likkister åt seg i god tid. Albrigt hadde si likkiste på naustlemmen, og Olava si på burslemmen. Når Albrigt dreiv med sildfiske om haustane, så han skulle tidleg opp for å dra garna, brukte han å ligge i likkista med ein skinnfeld over seg.

Men det hende at dei tok forvarsel både av likkistene og av likkist-borda. Ragna Heimsnes fortalde, at da far hennar, Johannes Knutse, Årfor, f. i Gausdal i 1831, låg sjuk i 1887, budde ein snekkar, Peter Olså Kjøløya i grannegarden. Han var båtbyggar og snekkar. I uthuset der låg det oppsaga likkistbord. Ein dag Peter held på å legge opp noko bord til tørking i uthuset, var det eitt av likkistborda som ikkje ville ligge iro. Det datt ned tre gonger. Da sa Peter:

–    ”Du skal vel vera i likkista hans Johannes, du.”

Og slik vart det. DA Johannes Knutsen var død (09.11.1887) vart det Peter Olså som gjorde likkista, og det bordet som ikkje ville ligge iro vart brukt i kista.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *