Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Lindal i Obrest

Lindal skal ein gong ha vore stølen deira Obrest; der hadde dei feet sitt um sumaren. Ein gong hadde dei ein gjatar med ei hand (den andre hadde han mist i ein ufred som Obrest-kongen førde med ein annan konge). Denne gjætaren skulde butt i ei urd; der er enno liksom ei stova med hellegolv og greidor; dei kallar det enno Einhandshuset. Denne gjætaren skulde vore fælt stor og sterk; alle grannarne var redde han. Ein gong hadde grannarne samla seg og vilde pryla han upp; men han tok ein lang stav han hadde, og jaga deim burt alle i hop.

Daa denne einhands-mannen døydde, var det tvo enkjor som vart gjætarar. Dei bygde seg upp eit lite steinhus som det enno syner leivningar av. Sidan var det menner som busette seg der, og det vart baade konor og born paa garden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.