Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Lindorm i Hesbølsjøen

Lindorm har det visst ikkje vøri stort tå i Eidskog, for det finst mest ingen som kan fortelja om han. Men her kjem det da ei segn om han.

For lenge, lenge sidan var det ein kar som ville gjera åt for all den høggormen som var i Kølabøtnberje. Men da laut folk stå inne for at det ikkje fanst lindorm der, for elles så var det ute med han.

– Nei, lindorm er det itte der, sa dei.

Da dro karen saman kvist og kvas og gjorde eit stort bål, som han tende på.

– Nå ska je mana all den høggørmen som fins, inn i varmen, men blir dom større og større etter hørt, så er det ute med mæ.

Karen sette seg opp i eit høgt tre og tok til å mana, idet han sa:

– Kåm med heile din mkt og di slækt!

Den eine ormen etter den andre kom og laut på varmen. Og der brann dei så opp. Dette gjekk undan for undan. Men så bar det ikkje likare til enn at ormen vart større og større. Dei slengde seg mot karen i treet, og så gjekk dei på varmen. Karen vart bleik og kleiv høgare opp i treet. Men så kom det eit stort beist, og det var ein lindorm. Da skreik karen. Ormen tana seg oppetter stomnen og fekk tak i karen og kasta han på varmen. Mannen freista koma tå bålet, men ormen passa vel på alle stader. Karen brann opp, men den store lindormen sette mot Hesbølsjøen og stupte seg i vatnet.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *