Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

LINDORMEN

Lindormen er ein fæl skapnad. Han er mykje større og villare enn vanlege ormar. I andlitet hev han ein tim av likskap med eit menneske. Augo er som tintallerkar, og den klufta tunga heng langt utor kjeften medan han sputrar eiter i stride straumar. Helst bur lindormen i bratle skoglider som vender mot sola. Mest ugagn gjer han på smalekryter som han er god for å gløype med hud og hår.

M. B. 1912.

Lindormen i Masdalskloven

På Vartdalstranda var der i gamle dagar so yrande fullt av orm at korkje folk eller fe kunde vere trygge for ormebit um sumaren. Då sende Vartdalstrandingane bod etter ein trollkunnig finn som kunde vikje burt slike udyr. Han kom; og alle mann frå Festøy til Flåvik laut kome med kvar sitt lass knaskturr ved til Nørevartdal, Alle kom etter avtale, so ner som to gardmenn frå Romestrand. Veden vart lagd i ein veldig haug. — So vart det kveikt eld på, og snart stod logen himmelhøgt frå bålet. Då tok finnen til med sterke ord å stemne ormane fram. Og frå alle kantar kom dei, or urd og hole, undan stein og rot, frå fjell og fjøre. Sume hadde bite seg i halen og kom rullande som hjul, andre kom med blodsprengde augo so sinte at dei spruta eiter vidt ikring; men på bålet laut dei kvar bidige ein. Sistpå høyrdest eit forfælande brak frå fjellet beint ovanfor Masdal, — og då folk skulde til sjå, var det ein lindorm som braut seg ut. Berget klovna med det same, og den kloven kallast Masdalskloven. Han stend og gaper mot himmelen den dag idag. Men då tok finnen til å bleikne i sitt brunskrukkute skinn; og so redd var han då lindormen kom at han sprang lukt på varmen, — og Lindormen etter. Soleis gjekk det tre gonger over bålet; men tridje gongen vart både ormen og finnen liggjande att i eldmyrja der dei sprakk sund.

Kjende folk seier at no finst der ikkje orm på heile Vartdalstranda anna enn på dei to gardane der dei ikkje kom med ved til ormebrisingen.

M. B. 1912.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *