Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Liten kall i mudd/Hand med talgljos

Liten kall i mudd

Ola heitte ein husmann som budde på Haugabakken i Støren. Det var i 1840-åra. Folk var tidleg oppe i dei dagane. Serleg var dei onnuge før jul. Da skrall sluggusaga på alle låvar i grendene.

Ola var med og trøska på Haugen. Ein morgon ved firetida kom han ruslande etter den gamle bygdavegen mellom garden og plassen. Det var kome mykje snø og månen skein frå skyfri himmel.

Da han nerma seg garden fekk han sjå ein liten kar føre seg i vegen. Småkaren svinga inn på tunet og vart borte mellom fjøset og låven. Ola rusla etter og ville sjå kva det var for ein kropp, men karen var søkkt borte. Han hadde mudd på seg med eit raudt band kring livet, og på hovudet hadde han topphuve. Det var ein knøttande liten kar, kunne godt vera ein finnkall.

Ingen på garden hadde vore ute. Det var nok framandfolk som hadde vore på ferde.

Hand med talgljos

Same husmannen såg også andre underlege ting. Ein morgon han kom til Haugen fekk han sjå ei hand som kom fram attmed eldhusnova. Handa heldt eit talgljos som lyste klårt og roleg enda det var frisk vindsno. Ola heldt auga med handa og ljoset, men da han kom framåt drog handa ljoset attom nova der det slokna. Han korkje såg eller hørte meir. Berre vinden susa i trekonene og i liene nedetter mot elva.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *