Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Litt bortom Skrova ligg Risholmen

Litt bortom Skrova ligg det ein holme dei kallar Risholmen. Eit gamalt sagn fortel om korleis dette namnet vart til. Fleire år på rad var det så godt fiske for Skrova. Og Gamalstyggen fann då på at han ville ro fiske der ein vinter. Men etter som han korkje hadde båt eller børnskap, så måtte han ro leig-kar. — Det vil han ikkje gjere oftare, for det vart fælt så slitsamt for han. Ikkje før hadde han sett seg i fiskarbåten så var det ein som ropa på han. Og så måtte han avstad — ja, stundom så langt som både til Værøy og Røst. Han sleit seg reint ut med dette, for dei ropa på han både her og der — både i tid og utid. Han kom på raue rappen, han — han har det ikkje med å vere tungbedd slik. Men når han kom fram, så var det ingenting dei ville han — om dei så hadde banna og svovla berre så eldmørja stod om kjeften på dei.

Stundom måtte han og fare ned til sin eigen stad og sjå etter korleis det stod til med varmen og alt anna medan han var borte. Desse svart-englane hans som skulle passe alt medan han var på fiske, var ofte så reint upålitelege. Ein gong hadde dei elda opp all veden. Og så måtte han fare avstad i ein hurrel og hei innover til Tysfjorden og hente noko ved — endå veret just ikkje var til det. Det var berre risved han fekk med seg, men han hadde hast, så det fekk bli betre ved ein annan gong. Veret vart verre og verre. Bårene braut og stormen dura — han såg mest ikkje land. Det fossa i fallgarden, det velta seg høge brimhestar over fluene. Men Styggen kjente leia godt, så han meinte nok han skulle kome seg inn.

Då var det han segla på grunn på ein liten holme som han ikkje hadde visst om, og der forliste han. Båten vart knust i brenningane, og kvar det vart av Styggen er det ingen som veit. Til Skrova trur dei ikkje han kjem meir, for den del skal dei berre slutte å rope på han.

Men risveden rak opp på holmen der folk sidan fann han. Og etter dette heiter den holmen Risholmen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *