Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Litt om Ormvasslia

Dei gamle husa i Ormvasslia sto litt lenger oppe i bakken, om lag 30 m ovanfor det ”nye” huset dei sette opp tidlig på 1900 talet. Den gamle stoga brann ned, uthuset sto litt til høgre for innhusa. Holdesteinane kan ein ikkje sjå noko til lenger. Uthuset tok Sondre Svalastog av den øvre delen på og sette det på bakken ved sida av den nedre delen, slik at han fekk ei større flate, den øvre delen var det visst mykje råte på men gjorde nytta si i mange år framyve likevel. Stabburet kom nokre år seinare. Sondre hadde ikkje tengt å ha stabbur, men det var ein av skogeigerane som grensa til Ormvasslia som hadde hogge litt timmer inne på Sondres skogstykke. Skogeigaren var til Sondre og fortalde dette, og dei blei enige om at den lasta som var hoggen skulle kjøyrast til Ormvasslia slik at han konne få bruka det til å sette seg opp eit stabbur. Borken av dette timmeret som dei bruka til å bygge stabburet med blei fyllt opp i murane på dei gamle husa som brann, derfor ser ein ikkje noko til murane lenger.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *