Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Lonevåg Musikklag, Lonevåg

Lonevg_Musikklag-Lonevg
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: B. Myking, A. Reigstad, A. Hammer, O. J. Hatland, S. Fjeldstad, H. Kollvangsnes.
Annen rekke fra venstre: J. Stusdal, L. Danielsen, T. Dale, E. Letveit, R. Mjeldstad, E. Vevle, B. Hauge.
Tredje rekke fra venstre: A. Hatland, H. Hageby, O. Haukeland, A. Rongved, H. Hauge.

Våren 1943 tok 4 karar, som arbeidde i Kårvik, til med ein blåsekvartett. Alle 4 hadde før vore med i musikklag. Tanken med kvartetten, var å freista skipa musikklag i Lonevåg.

Det vart såleis skipa til fleire festar, og teke inn noko pengar. Fire brukte instrument vart kjøpt inn.

Men ymse hende kom til, 3 av karane reiste frå staden, og med det vart den første tanken om musikklag i Lonevåg skrinlagt.

Vinteren 1951-52, tok disponent Sverre Aarnes og Hjalmar Hauge, oppatt tanken om musikklag, og 26. februar 1952, vart laget skipa.

Det melde seg 25 interesserte, og første styret vart slik:
Formann Asbjørn Reigstad, Arvid Hagesether, Hjalmar Hauge, Sverre Aarnes og Erling Løtveit.

Det vart straks kjøpt inn 7 nye og 7 brukte instrument, dertil 2 trommer. Med dei 4 som var frå før, vart det såleis ein besetning på 20 mann. Første øvingslokale, var matsalen i J. O. Borge Kromlærfabrikk, med Audfinn Hammer som dirigent.

Laget sin første opptreden, var 6. desember 1952, og sidan har laget ytt musikk ved dei fleste større tilskipingar i Lonevåg og næraste bygder.

Laget gjekk jamt framover frå starten av, og våren 1954 melde laget seg inn i Indre Nordhordland krins av Hordaland Musikklag, og deltok på krinsstevnet i mai same året.

Laget har no ein aktiv besetning på: 5 b-kornetter, 2 b-trompeter, 4 alt-hom, 3 b-tenorer, 1 baryton, 1 b-bass og 2 trommer, i alt 18. Dessutan eig laget 3 klarinettar og 3 alt-horn, 3 tenorer og 1 kornett, som delvis er utlånt for oppøving av nye blåsarar.

Laget har ikkje uniform. Noverande styre er: form. Bjarne Hauge, Asbjørn Reigstad, Ole J. Hatland, A. Hatland og A. Rongved.

Medlemstalet er 18 og Audfinn Hammer er framleis dirigent.

Øvingane vert halde i Lonevåg Bedehus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *