Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Loppet skomakar

Skulmokallen var dugande skomakar. Ein altmoglegmann som gjore rett for seg i prestegarden. Når det kom gjester til prestegarden hende det ofte at dei ikkje var så velskodde som ønskjeleg var, og da måtte skomakaren til. Det var ikkje så rart, etter kvart hadde dei lært å setja pris på det gode og solide arbeidet han gjorde.

Han meinte elles det om somme av gjestane at dei skodde seg med det mål for auga å få prosten til å kosta vølinga på dei.

Skulmokallen sat da på Bårdstuloftet. Og her ville han helst ikkje ha nokon til å forstyrra seg under arbeidet.

Ein kveld kom prosten og sto over han. Han dreiv da med syl og bustleiv. Da han drog stinga til held han sylen i handa. Til slutt vart han lei av å ha prosten ståande over seg. Og så tok han eit stykke inn på sylen slik at han hadde ein høveleg pigg utanfor klipa, langa så ut og drog til.

Sylen for inn i låret til prosten både ein og to gonger.

–    ”Han stakk meg,” sa prosten.

Og prosten gjekk.

Ein annan gong hørte han prosten koma i trappa. Det var syl og bustleiv han dreiv med da og. Med det same prosten kom i døra gav han seg til å riva og klå seg på lår, legger og rygg.

–    ”Nei no ha det vørte stinnt tå døm her.”
–    ”Af hva?”
–    ”Lopp, ho bit så illjammerleg vondt.”
–    ”Lopper, han sier ikke der…”

Og dermed var prosten lagt nede i trappa og Skulmokallen fekk den arbeidsro som han ville ha.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *