Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

LOVA BORT MEDAN HO LÅG I VOGGA

Marte heitte ei rik jente på Bloka i Eiken. Ho var einaste barnet i huset. Far hennar hadde lova ho bort til ein rik gut på Gardøl alt medan ho låg i vogga. Og ho fekk ikkje sjå guten, før ho blei vaksen.

Ein vårdag ho sit og skodar ut over vatnet, ser ho det kjem tri karar roande. Ho skynar at ein av dei måtte vera belaren hennar. Og då dei steig i land, sukka ho tungt og sa:

– «Eg ska tru kven det er av desse eg skal ha.»

Det gjekk godt med giftinga. Dei levde lenge og fekk mange born.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *