Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Løypestrengen

Løypestrengen kom i bruk i Ytre Senja i åra 1910-20 og var eit stort
framsteg. Han høvde godt på dei brattlendte gardane der ute, helst når
dei låg slik til at ein kunne fire høynøtene og vedstrangane frå lia og
beint ned til garden. No fekk dei ligraset lettvint ned frå fjellet og
sparte seg for mykje arbeid og slit. Høvde det slik med landskapet,
kunne dei legge fembøringen eller skøyta utfor landet og fire børene
eller høynøtene beint i båten. Slik gjorde dei det på fleire av
gardsbruka inne i Nordfjorden.

«Til krokar på løypestrengen brukte vi kausar, eller også krokar som vi hogg til av kjettinglykkjer.»
(Arne Fredriksen)

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger vi ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *