Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Lukk’-Anders

Dei kalla han so, av di han alltid hadde lukka med seg, kvar han for. Han hadde ein bror som bar ovund til han fyr dette.

Ein gong hadde desse brøderne vore ute paa ein holme og lagt teinor. Daa hadde broren tenkt ut at han vilde gjera ende paa Lukk’-Andres. Han rodde ifraa holmen og let Lukk’-Andres vera att aaleine. Lukk’-Andres ropte og skreik alt det han vann; for ikkje hadde han baat, so han kunde koma burt fraa holmen, og ikkje hadde han noko til aa hjelpa seg med, medan han var der, heller. Men han kunde ropa kor lengje han vilde, so var det ingi hjelp i det, for ingen kunde høyra han. Det vart ikkje onnor raad, han laut gjeva seg til paa holmen.

Paa holmen stod det ei hytta som dei hadde til aa leggja teinorne inn i, naar dei ikkje var i bruk. I den heldt Lukk’-Andres seg um næterne og elles og naar det bles og regnde; det var alltid likare en aa liggja under berre himmelen. Ein dag medan han heldt seg i hytta, fekk han sjaa gjenom glug-gen at det kom ei stor jagt siglande. Daa sprang han ut og tenkte at no kom det ei berging.

Men han kunde snart skyna at det ikkje var vanlege folk som kom til holmen den dagen. Han sprang upp til teinehytta og gøymde seg uppaa lemen. Han hadde ikkje lege lengje der, fyrr huldrerne kom. Ein av deim tok til aa røda um at det teva kristen-manns tev; men dei andre slo dette av i vind og ver; det var ikkje anna en tev som sat att i veggjerne etter dei folki som sist hadde vore der, meinte dei.

Daa huldrerne hadde roa seg, stillte Lukk’-Andres seg ut. Der løyste han baaten og rodde ut til jagti. Han rita ein stor kross i skipet og rodde so attende til holmen. So gjekk han upp-att til hytta, vilde sjaa kva dei der tok seg fyre. Han stillte seg inn-att paa lemen, og fekk daa sjaa at dei heldt brudlaup. Det var ein av huldrekarane som var brudgom, og bruri var ei gjenta der or bygdi, som hadde kome burt fyr eit bil sidan. Dei spela og dansa, og Lukk’.Andres tenkte med seg, at no laut han vel gjera ein smell, skulde dei ikkje spela han ut or hytta. Han kunde høyra at dei der nede sa at dei vilde skjenkja han Trond i høgsætet. Daa sette han Lukk’-Andres byrsepipo i røykhatt-holet og sigta paa den mannen. som sat i høgsætet, og skaut, og med det same sa han: «No skjenkjer eg og han Trond.» Mannen stupte, og dei andre vart reint avskræmde. Dei tok liket millom seg og fór paa døri og ned aat fjøra. Der løyste dei baaten og rodde ut til skipet; men um bord kunde dei ikkje koma fyr krossen skuld. So laut dei paa land att. Gjenta vart sitjande i hytta, daa dei andre for. Lukk’-Andres gjekk ned og rødde med henne, og so tok han henne med seg. So rodde dei ut til jagti, og dan var det ikkje lengje fyrr han kom heim med baade gjenta og eit gildt skip, og det var endaa lasta med gull og sylv.

So han hadde lukka med seg den gongen og, Lukk’-Andres.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *