Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

«LUNDEHAGEN» PÅ FOSS

I gammal tid stod alle husa på Foss i Bjelland i «Lunde-hagen». Det var i alt 4 hus. I tunet «Der heima» er det eit flatt fjell. Det hev eingong vore eldhusgolv.

Den gamle dalevegen gjekk framom «Lundehagen». Der stansa alltid hestane, men det blei aldri rekna som noko lyte på dei.

Det første huset som blei bygt på Foss skulle stå «Der heima». Og der var eit stabbur som ingen hadde sett maken til. Buret var delt i to, underburet og loftet. Her skulle brura på garden stasast, og her gøymde gardsfolk alle sine verdfulle saker. Buret var som ein liten heilagdom der på garden, og det skal ha stade i mange hundre år.

Om buret går det denne segna:

Der møttest eingong to tømmermenn på Nautarheia i Bjelland. Dei skulle vera sers gode til å arbeida begge. Og nå ville dei prøva kven var den likaste. Dei var samde om at ein av dei skulle byggja eit bur på Foss og den andre eit på Roland. Han som blei ferdig først, skulle gå opp på «Nytet» og ropa til den andre. Tømmermannen på Roland var først ferdig med buret sitt. Og då han ropte frå «Nytet», sat tømmermannen på Foss og skulle slå i siste naglen. Men då han høyrde hujinga, blei han så forfjamsa at han datt ned frå tømra og slo seg i hel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *