Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Lye-presten

Lye-presten preika ein sundag i Gjestal-kyrkja. Best som han daa stod paa preikestolen, kunde han kjenna det paa seg at det stod gale til heime. Han gjorde seg ferdug paa stolen so fort som det var raad, og daa han var ned komen, gjekk, han or kyrkja med ein gong. So fekk han i hesten sin og reid av stad so fort øyken vann springa. Daa han kom til Aasen, den fyrste garden i Time-sokni, var hesten sprengd. Han laut faa laana ein øyk der paa garden, og so sette han i vei i eit tenjande tansprang. Sume segjer at han sprengde den andre og; men det kann ikkje folk segja for visst. Fraa Gjestal til Lye er elles ikkje noko kattasprang.

Daa han so kom heim, var vondemannen sjølv laus paa prestagarden. Det hadde seg so at frua sat heime medan presten var burte. Ho kjende seg einsleg og vilde hava ei bok til aa trøyta tidi med. So gjekk ho inn i kontoret og fann seg ei bok i bokhylla til presten, og sette seg so til aa lesa.

Det høvde seg so at ho hadde fenge tak i svarteboki, og der gav ho seg til aa lesa eit stykke som handla um aa løysa vondemannen. Best som ho daa sat og las, so kom gamlen sjølv og spurde kva ho vilde.

Frua visste at det var ingi moro aa hava den mannen laus. Kunde ho ikkje finna paa eitkvart arbeid aa hefta han med, so visste ho at han vilde taka henne. Der var gode raad dyre.

Det fyrste ho gjorde var at ho treiv ei dun-dyna og gjekk uppaa løde-mønet med. Der tømde ho ut all fjøri. Bles gjorde det ikkje so lite, so fjør og dun fauk ut yver alle markjerne.

So sa ho den vonde fyre at han skulde henta upp att kvar fjøri. Han sette i veg og gav seg til aa pila i hop fjøri, og det gjorde han i ein snupp snarom. Det var ikkje lang stundi fyrr han kom med all fjøri, og so spurde han um det var meir han skulde gjera.

Frua braut hovudet sitt og visste ikkje si arme raad kva ho skulde finna paa; for alt det ho sette han til, gjorde han ifraa seg i ein fei drei. Han bar vatn i eit saald, og det gjekk paa ein maate, so kjeret som han skulde slaa vatnet i, vart fyllt. Verre var det daa han skulde leggja tog av sand; det var mest som han ikkje skulde faa det til. Naar han hadde spunne ein liten ende, so gjekk toget av, og daa laut han taka paa med eit nytt. Han stræva so hardt med dette at han gnista; han bad um litt tjura til aa hava i sanden, men det fekk han ikkje. So laut han taka i endaa ein gong, og fyrr han hadde gjort ifraa seg dette, so kom presten.

Det var ve1 at han hadde ride so fort. Han var trøytt etter ferdi; men det var det ikkje tid til aa tenkja paa. Han hadde det verste strævet att; for no skulde han binda styggemannen.

Hin vilde ikkje lata seg binda; han meinte at presten ikkje var den rette mannen til aa gjera det, «for du er ein tjuv,» sa han. «Seg meg kva eg hev stole?» sa presten. — «Du hev stole ein traad og ei braudskiva,» sa hin. — «Traaden trong eg til aa bøta mi brok, og braud-skiva til aa stilla min hunger,» sa presten, og so tok han til aa mana. Det vart eit hardt tak, so presten sveitta og laut skifta skjurta tri gonger fyrr hin gav seg. Men han laut gjeva seg paa resten. Sistpaa spurde han kva veg han skulde fara, um han vilde hava han ned i golvet. «Nei, her skal du ut,» sa presten og stakk eit hol i vindaugsblyet med ei synaal. Og ut laut han; men det var ikkje greidt aa gjera seg so liten; han laut baade gnista og yla alt med han heldt paa aa skruva seg ut.

Hadde det ikkje vore so framifraa dugande prest paa Lye den tid, so er det ikkje godt aa vita kor det hadde gjenge. Etter den tid hev vondemannen aldri vore laus paa Lye, og vel er det; for dei prestarne som sidan hev vore der, hadde nok ikkje dugt stort, um dei skulde fenge sjølve vondemannen aa takast med.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *