Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Lysefjordens Musikklag, Lysefjord

Lysefjordens_Musikklag-Lysefjorden
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: Georg Drange, Nils Engelsen, Jostein Gjersvik, dirigent Alfred Gjersvik, Nils B. Søvik, Lorentz Engelsen, Einar Engelsen.
Annen rekke fra venstre: Lars Kalvetra, Erfinn Aspbaug, Lodulv Søvik, Magne Søvik, Per H. Drange, Emil Drange, Lars Drange, Malvin Drange, Nilmar Søvik.
Tredje rekke fra venstre: Harald Drange, Malvin Søvik, Alfred Drange, Lars B. Søvik, Martin
Drange, Theodor Sjøbø, Per J. Drange.

I 1917 kjøpte skipsreidar G. von Erpecom Lysekloster. Han synte på mange måtar si interesse for denne bygdi, og i 1925 fekk Lyseqordens Ungdomslag spurnad om det var interesse mellom ungdomen for skiping av eit musikklag. Han ville i så fall yta ei pengegåve til start av laget. Dette vart sjølvsagt teke mot med stor takksemd. Lysefjordens Musikklag vart skipa den 25. september 1925, og hadde då 9 lagslemer, med Alfred Søvik som fyrste formann.

Den fyrste øvelsesstaden var i skulehuset i Lyse-fjorden, seinare i ungdomshuset «Ljosheim».

Instruktører som laget har hatt fram gjennom åri er: musikkløytnant Pedersen frå Bergen, seinare Mons Lyssand, Os, som hadde laget til 1933, då Alfred Gjersvik vart tilsett som lærar i Lysefi orden. Han var sterkt musikkinteressert, og har sidan vore dirigent for laget.

Dei fyrste instrumenti fekk laget som gåve, seinare har det kjøpt dei instrument som laget no har.

I 1951 fekk laget sine uniformer. Laget har delteke på 2 landsstevner, i Bergen 1948 og Oslo 1951.

I desse 30 åri har laget hatt både opp- og nedgangstider. Ofte har lagslemer reist bort frå bygdi, og det har vore vandt med å få nye i deira stad. Stort sett kan det vel seiast at laget har vore i jamn vokster.

At laget har si store verd for bygdi er sjølvsagt. Det er oftast fast post på programmet ved alle større tilskipingar, og likeeins er det ein tradisjon at det kvar 17. mai gjestar Kysthospitalet i Hagavik.

Lysefjordens Musikklag har i dag 26 medlemer med Lars Drange som formann. I styret elles: Emil Drange, Malvin Drange, Lorentz Engelsen og Jostein Gjersvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *