Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Mål for arbeid

Eit dagsverk for utearbeid var kalla laje. Mye av arbeidet gikk på laje. Det gjaldt både innhøstingsarbeid og andre arbeid på garden.

Eit av dei striaste laje var å klyve opp skiver til skigard. Der var dagsverket for ein mann sett til å klyve opp 10 lass, og i kvart lass var det rekna 30 stikker.

Så var det vedlajet. Der var dagsverket å høgge 1 ½ famn ved. Vedfamnen var 3 alver i lengd og 3 i breidd, og kabbane var kring ein halv alen lange.

Lajet for slått og kornskur var rekna i mælingar.

Måleiningen for mælingen var ei rute med sider på 7 alver. Ein slåttmæling stod i 60 slike ruter, medan skurmælingen heldt 56 ruter.

Alt slåttlandet var i mælingar, også det dei slo på udyrka mark. Der var det noe dei kalla slompelaje au. Det var slåttland som ikkje var skikkeleg oppmålt. Ein mann kunne ha slått av ei vidde på ein dag eller i eit anna visst mål av tid. Etter dette vart så slåtten sett bort til andre som slo på same vilkår.

For slåttlandet tala dei om 3-måls – og 4-måls mælingar.

I arbeid rekna dei fire slåttmælingar mot ein skurmæling. Å slå av ein 3-måls mæling på ein dag var haldi som vanleg laje for slått.

Det var laje for breiing au. Ei kvinne skulle breie etter tre mælingskarar. Om ho hadde bare ein slåttekar å breie etter, skulle ho i tillegg lage 100 lauvkjørve om dag. Dei lauva da av kjerrane på rot.

Når dei arbeidde i åkeren, var ein halv mæling vanleg laje. Dei som hadde godt handlag med dette arbeidet, kunne skjere av to melingar på tre dagar, og dei striaste klarte mælingen på dagen.

Den som ikkje klarte halve mælingen på dagen, brente sa dei. Dei andre som var i åkeren skar da halmpiper og bles i åt han som hadde brent.

For tuffeigraving var det rekna 5 ruter i lajet.

Lajet for lauving var å kviste opp og binde 100 kjørve. Så var det laje for dei som hogde ned og grovkvista. Han skulle halde fire av dei som finkvista og batt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *