Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Malmgruver

Ein stor del av det jarnet som Eidskog trong, kom frå dei svenske grensebygdene i Värmland. Og det vart ikkje berre nytta i arbeidslivet gamalt, men og som betalingsmiddel ved skattar og så mangt. Såleis kan det vera verdt å nemna at i året 1527 laut Lasse Rambøl ut med 23 jarn. Desse skulle svara til ein viss skatt, som skulle vera til hjelp til oppsetjing av eit slott, truleg nedi Kjøpenhamn. Kringa 1790 åra vart det tatt ut jarnmalm i nærleiken av Repshussætra og Nyætra på Trandemskogen. Staden ved Nysætra vart kalla Gruva. Malmen vart køyrd på vinterføret dråka ned til Braserud, så bar det over Holmsjøen — Ingelsrudsjøen — Stangnessjøen og vidare ned til masomnen på Repshus. Men det var ikkje så mange åra at denne malmsmeltinga heldt på. Det var nokre svenskar som dreiv med dette arbeidet. — Ved Fjell er det og ein stad som kallast Gruva. (Sør for Duelia tok dei ut malm gamalt. Denne malmen vart truleg køyrd til Odalsverket. Jarnverket der vart nedlagd i 1835.)

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *