Hentet fra ”LIV OG LAGNAD I STJØRDALSBYGDENE”
(STJØRDALSBOKA BIND I DEL II – side 421)

Petter Jøsås gjekk ein dag og rusla inne på Lånke almenning og sette snurru for storfuglen. Han hadde med seg ei lita øks. Da han gjekk heim, fekk han sjå ein bjønn som satt og sov og halla hodet bortpå ei gran. Han snorka så det dura langt bortgjennom skogen.

Petter spekulerte på om han skulle prøve å slå i hjel bjønnen. Det var god mat, og så var det skinnet. Men så fann han ut at det var for stor risiko med den vesle øksa. Men skremme han ville han i alle fall, og så langa han ut med øksehammeren i granleggen. Bjønnen tverrvakna, skvatt høgt i veret og for som eit nøste nedover bakken.

Veka etter gjekk Petter forbi grana, men da kjente han seg nesten ikke igjen. Da bjønnen hadde komme seg av støkken, hadde sinnet tatt han. Han hadde gått tilbake og rive opp stubbar og granrøter, gravd opp store steiner og kasta dem nedover bakken. Petter var glad han ikkje hadde brukt øksa på han.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *