Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Manndoms-verk i Flå

Eit brudepar var vigsla ved Flå kyrkje. Brudefylgjet hadde drukke tett på Ve, og mest alle mannfolk var fulle. Då ferdi kom ned til elvi og skulde ro heimover var det mykje ståk og bråk i båtane og brudebåten gjekk rundt, so alle fór på elvi. Dei fleste kava og berga seg i land, bruri sokk. Det kom upp eit par boblor som brast, og so rann storelvi still og blank som før. Det vart eit svare ståk og redsle og dei fleste såg ingen utveg til å få berga bruri.

Då rengde ein staut ung mann dei tyngste klædi av seg, heiv dei frå seg og stupte seg i elvi, dukka og kom upp att med bruri, som han heldt i den eine handi. I den andre handi hadde han gyrme, som han heiv på brudefylgjet som stod der og kopte. Han vilde syne at han hadde vore til botnar. Fyrst å drikke so dei kom frå samling og vet, so velte båten og spille menneskjeliv og endeleg stå der rådville og motlause, var ikkje norske menns ferd, meinte han. Han kunde ikkje symja, men våga då livet sitt og vann ogso å få bruri attende til livet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *